fredag 10. april 2015

Ikkje berre eit løp....

Det vandrar rundt i tankane av og til, du smiler, og tenkjer på dagens trening, to veker til løp.
Tempoøkta (som du merkar at du skulle hatt mange fleire av) svir i låra, kroppen er tyngre en du eigentleg likar, ei veke til løp.

Du er ferdig med siste økta, prøver å kjenne på forma, er litt usikker på om du har lyst, kanskje ein skal vente til neste løp?

Dagen før er du hypokonder, er litt forkjøla, litt kvalm, litt slapp, har du feber kanskje? Kjenner spenninga når du tenkjer på løpet, når kvelden kjem er du rastlaus, pakker litt i baggen, vurderer sko og løps antrekk fram og tilbake...  Skal legge deg tidleg, men søvnen vil ikkje kome,
Vaknar tidleg, prøver å kjenne på responsen i låra når ein røyser seg opp frå sengja, er det futt i beina?  Er ein frisk? Kjennes kroppen normal ut? Frukost er viktig, ein treng mykje næring ut over dagen, men magen er litt spent, det går treigt å svelgje unna brødskiva….
Baggen er pakka, skoa bestemt og nista er klar, ein tusler rastlaust over stovegolvet fleire gongar, har ei n huska alt?

Kvar løpar har sine eigne førebuingar, eg kjem eit steg vidare når eg set meg i bilen, då er eg i modus,..løps modus.  Kroppen roar seg på eit vis, den er i kjent terreng, veit kva prosedyre som ventar.  Det er godt å vere tidleg ute, ha tid til å kjenne på stemninga, veksle nokre ord med kjentfolk, hente startnummer, få innpå ei brødskive eller noko anna næringsrikt, drikke godt, ja det er vel eigentleg ein heil vitskap , dette med mat og drikke før løp. Men om du er i tvil, gjer som du brukar på trening, det som kroppen er vant med.

Det er alltids spent stemning i garderoben, det er normalt å prate ned si eiga form, nokon er stille og fokuserte medan andre pratar som ein foss, alle er i modus, på kvar sin måte, på med pulsbelte, tigerbalsam, dei rette løps lestane, skoa vert forsiktig inspiserte og knytte på, ein slurk av drikkeflaska, det er tid for oppvarming.

Dei første spente stega er ofte toneangivande for resten av dagen, korleis kjennes det eigentleg ut? Har ein treffe med oppladinga?  Ein vil så gjerne kjenne på lette bein , nesten som ein flyg over asfalten, med lette steg…., Det skjer ein sjeldan gong, som oftast er ein der berre nesten, og av og til er ein tung, då veit ein det kan verte ein tøff tur.
Denne gongen på Sandsøya, hadde eg ein god følelse på oppvarminga, sjølv om eg ikkje har lada spesielt opp til dette løpet, så var formfølelsen betre en på lenge, smilet satt laust, ein vert styrka i trua på eit godt løp.

Dagens løype

Fem minutt til start, løparar i alle retningar, for meg er nøkkelen fokus, slappe av i kroppen, kome mentalt på plass.  Det er ikkje alltid like enkelt, det er mykje som skjer, mykje lyd og bevegelse. Eg meiner å ha nytte av det, lukke meg litt inne, gå gjennom løpet, kva plan har eg, kva vil eg  oppnå, kvifor driv eg med dette?  Spesielt på motbakkeløp er det mentale viktig, for her må ein verkeleg vere med frå start, ein må vere på hogget, og ikkje minst vere forberedt og ha vilje til å tåle smerte.

                                                 Starten (Foto Ingar Støyle Bringsvor)

Starten går, det pip i utallige pulsklokker, feltet legg som vanleg avgåre i høgt tempo, det er no det gjeld. Ofte huskar eg ikkje heile løpet, spesielt terreng og motbakkeløp. I desse løpa må ein vere konsentrert og ha fullt fokus på dei neste stega, passe på å ikkje snuble eller hekte i  busker og lyng, skaffe oksygen og prøve å passe pulsen, vere akkurat på rette sida av syregrensa.
På Sandsøya gjekk det greitt i ei ukjent løype, sleipt og vått, mold opp til knea, men du bryr deg ikkje, det er likt for alle, og du er i modus. Det er godt å kjenne kroppen jobbe på høggir, og at ein har krefter å spa på med, sjølv om siste bakken er seig, så har ein alltid ein spurt, siste hundre inn mot mål, gi det ein har. 

I mål er ein litt i ørska, tusler ustått rundt før ein får summa seg, prøver å tyde tida på klokka, leitar etter noko å drikke. Det er som regel ein god følelse, kjenne at ein har gitt det ein har, det er ikkje alltid resultatet er som ein hadde tenkt, men ein var ikkje betre denne dagen. Det er rart med det, det går ikkje mange minutta etter målpassering før tankane går, korleis verte betre, tenk om ein kunne ta ut enda litt meir, neste år…
Etter  løpet går praten,  løp og resultat vert diskutert, næring til ein trøtt kropp, ein dusj er vel fortent, kanskje ein liten premie og? 

I bilen på veg heim, tankane spinn, løpet vert analysert, gjekk det etter planen?  På Sandsøya fungerte det, kroppen var bra, kreftene heldt heilt ut, eg fekk ut det eg var god for, nesten…  


Men neste år….